Solund kommune Solund kommune

Kombiner sommarjobb med det gode liv i øyriket Solund!

Sommarvikarar

Drøymer du om ein sommar litt utanom det vanlege?

Tenk deg lange lyse dagar, frisk sjøluft, vakre øyar og mektige fjell – heilt ytst i Sognefjorden. I Solund får du ikkje berre ein sommarjobb, men ei oppleving for livet.

Hos oss kan du kombinere verdifull arbeidserfaring med ei aktiv, sosial og naturnær fritid. Enten du trivst best på sjøen, til fjells eller i eit levande lokalsamfunn, finn du rom for både arbeid og eventyr.

På Hardbakke har du tilgang til kajakk, SUP, sykkel og anna utstyr for friluftsliv. Nærområdet byr på fantastiske turmoglegheiter – både høgt og lågt, til lands og til vanns.

Solund kommune søkjer sommarvikarar innan følgjande område:

• Pleiepersonell på institusjon og i heimetenesta
• Helsesekretær eller sjukepleiar ved legekontoret
• Assistentar ved institusjon, kjøken, vaskeri og som heimehjelp
• Reinhaldarar
• Assistentar i SFO og barnehage
• Assistentar i teknisk drift / vaktmeistertenesta

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter stilling og fagområde, men vil i hovudsak bestå av daglege oppgåver og praktiske gjeremål knytte til tenesta du vert tilsett i.

Dersom du er under utdanning innan eitt av våre faglege behov, er dette ein stor føremon.

Vi ønskjer at du:

• Er motivert og arbeidsvillig
• Syner interesse for arbeidsoppgåvene
• Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
• Er påliteleg og ansvarsbevisst

Krav og kvalifikasjonar

For arbeid innan helse og omsorg eller barnehage må søkjar leggje fram:

• Gyldig politiattest
• Eigenmelding for tuberkulose og MRSA

Studentar og elevar innan relevante fagområde vert særleg oppmoda om å søkje.

Ved tilsetting legg vi vekt på:

• Kompetanse og erfaring
• Personlege eigenskapar
• Evne til samarbeid
• Fleksibilitet

Søkjarar som kan arbeide samanhengande over ein lengre periode vil verte prioriterte.

Språkkrav

• Norsk

Vi tilbyr deg:

      Verdifull arbeidserfaring

      Rettleiing og god oppfølging

      Innføring i arbeidslivet

      Løn etter tariff

      Eit inkluderande arbeidsmiljø

      Ein sommar tett på sjø, natur og opplevingar

Offentleg søkjarliste

Opplysningar om namn, kjønn, alder og noverande stilling er i utgangspunktet offentlege. Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Ved eventuelt avslag vil du få høve til å trekkje søknaden før lista vert offentleggjort.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Kontrakt-/prosjektbasert

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

18.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hardbakke

Adresse:

Hardbakke 26 6924 Hardbakke

Kart: