Solund kommune

Sommarjobb for undom 13-17 år i Solund kommune

Sommarjobb

Sommarjobb for ungdom 13–17 år – Solund kommune

I mange år har Solund kommune gjeve sommarjobbtilbod til ungdom i alderen 13–17 år, og erfaringane er svært gode. Vi synest det er kjekt å kunne tilby ungdom vår ein smak av arbeidslivet i tidleg alder – samtidig som ungdommane sjølve har vist seg å vere ein stor ressurs for kommunen.

Målsetjinga med sommarjobben er at ungdom skal:

      Få erfaring med ulike typar arbeidsoppgåver

      Lære om korleis arbeidslivet fungerer

      Få innsikt i mogleg framtidig arbeid i Solund kommune

      Delta i tilsetjingsprosess

Prosjektet har vorte stadig meir populært dei siste åra, og vi er glade for at så mange ønskjer å prøve seg hjå oss. Likevel er det ikkje mogleg å tilby jobb til alle som søkjer, på grunn av stor søknadsmengd.

Kven vert prioriterte?

Ved vurdering av søknadar vil det mellom anna bli lagt vekt på:

• Bustadadresse i Solund kommune eller forelder busett i Solund
• Alder (eldst vert høgare prioritert)
• Motivasjon i søknaden
• Tilgjengeleg periode i sommar

Det er difor viktig at du i søknaden skriv litt om:

• Kva område du ynskjer å arbeide med (gjerne fleire i prioritert rekkjefølgje)
• Kvifor du ynskjer desse arbeidsoppgåvene
• Kva periode du kan jobbe i sommar

Arbeidsstad og oppgåver

Som sommarvikar kan du få arbeide med:

• Medarbeidar i helse og omsorg
• Medarbeidar i reinhaldstenesta
• Medarbeidar i utetenesta (vedlikehald, opprydding og liknande)
• Medarbeidar på biblioteket
• Medarbeidar på frivillighetssentralen, Gjenbruket, turistinformasjonen og BUA
• Andre arbeidsoppgåver kan også kome til

Kvalifikasjonar

• Søkjar må vere motivert til å arbeide
• Syne interesse for arbeidsoppgåvene
• Ta del i arbeidsmiljøet
• Til barnehagejobb må du ha gått ferdig 10. klasse

Språk

• Norsk

 Vi tilbyr

  • Arbeidserfaring med rettleiing og innføring i arbeidslivet
  • Løn etter tariff. Timelønssatsane vil bli oppjustert frå 1. mai 2026, men pr. idag er timesatsen
    • 13 -15 år: kr 163,0 pr. time
    • 16 -17 år: kr 183,5 pr. time.
  • Minst 30 timar arbeidserfaring.

Søknad

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit.

Velkomen som søkjar!

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.

Vilkår for arbeid under 18 år:
Som ungdom under 18 år skal du ikkje ha arbeid som kan vere skadleg for helse eller utvikling, og arbeidstida er regulert i lova for unge arbeidstakarar.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hardbakke

Adresse:

Hardbakke 6924 Hardbakke

Kart: