Fastlege og kommuneoverlege i Nordsjøturnus
Vil du arbeide som lege i ein unik øykommune med brei allmennmedisinsk praksis, sjølvstendige arbeidsoppgåver og gode friperiodar mellom vaktperiodane?
Solund kommune har ledige legestillingar og søkjer engasjerte legar som ønskjer ei variert og spennande stilling i eit godt fagmiljø.
Ledige stillingar
Kommuneoverlege i 40 % stilling
Stillinga omfattar kommuneoverlegeoppgåver kombinert med klinisk arbeid som fastlege. Om lag 33 % av stillinga er knytt til fastlegearbeid, medan 7 % er kommuneoverlegeoppgåver.
Turnusen er organisert med to veker på og fire veker fri.
Fastlege i 16,67 % stilling
Turnusen er organisert med ei veke på og fem veker fri.
Om legekontoret
Legekontoret ligg på Hardbakke i Solund Helsetun, der fleire av kommunen sine helse- og omsorgstenester er samla under eitt tak.
Solund kommune har eiga legevaktordning. I vaktperioden har legen ansvar for både legekontor på dagtid og legevakt på kveld, natt og helg.
Vaktene er organiserte i vaktklasse 1 med takst 15. Det er éin lege på vakt til kvar tid i den etablerte Nordsjøturnusen.
Kommunen er knytt til legevaktsentralen i Førde og har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgnsbemanna ambulansebil. Legen har god støtte frå ambulansetenesta under vakt.
Lokalsjukehus er Førde sentralsjukehus, medan spesialistressursane ved Haukeland universitetssjukehus vert nytta ved behov.
Kommunen har eiga KAD-seng knytt til institusjonstenesta.
Ved legekontoret er det tilsett legesekretær og sjukepleiar i til saman 120 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Legekontor på dagtid
- Legevakt
- Fastlegeliste
- Helsestasjon og skulehelseteneste
- Tilsynslege ved institusjon
Kommuneoverlegen har i tillegg ansvar for
- Medisinskfagleg rådgjeving for kommunen
- Folkehelsearbeid
- Smittevern
- Medisinskfagleg ansvar for legevaktstenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin, eller påbegynt spesialisering innan allmennmedisin
- Erfaring frå legevakt og akuttmedisin er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- har gode samarbeidsevner
- er fagleg trygg og løysingsorientert
- trivst med eit breitt medisinsk ansvarsområde
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Ei variert og spennande legestilling i ein kommune med korte avstandar og tett samarbeid mellom tenestene
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Brei allmennmedisinsk praksis med stor grad av fagleg sjølvstende
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Bustad i vaktperiodar
- Reisegodtgjersle til og frå vaktperiodar
Nynorsk er administrasjonsspråk i Solund kommune.
Anna informasjon
I tråd med helsepersonellova er det krav om godkjend politiattest og utfylte MRSA- og tuberkuloseskjema før tilsetjing.
Attestar og vitnemål skal leggjast fram før eller ved intervju.
Kontaktinformasjon
Leif M. Skjærstad
Kommunelege 1
Tlf. 57 78 62 81
Marit Andersen Nesse
Helse- og omsorgsleiar
Tlf. 412 91 139
Slik søkjer du
Søknad med CV skal sendast via kommunen sitt rekrutteringssystem innan søknadsfristen.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
10.12.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hardbakke
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.solund.kommune.noAdresse:
Hardbakke 6924 Hardbakke