Solund kommune Oppvekst og kultur

Solund søkjer ny rektor, er det deg?

Rektor Solund Skule

Solund kommune har ei fast ledig 100% stilling som rektor ved Solund skule frå 01.01.2027.

Solund kommune er ein kommune i utvikling, der det vert satsa på barn og unge som  kommunen si framtid. Vi søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som vil vere med å forme framtida for elevane våre- og vidareutvikle skulen i tett samarbeid med personalgruppa.

I Solund er avstandane korte og relasjonane nære. Her får du vere rektor i ein kommune der skulen står sterkt og du får bu og arbeide midt i det unike øyriket Solund – med hav, øyar og fjell som næraste nabo.

Om Solund skule

Solund skule er ein skule med engasjerte elevar, tilsette og ei aktiv foreldregruppe. Hausten 2025 opna vi ein heilt ny og moderne skule som legg godt til rette for læring, trivsel og utvikling. Barneskulen held til i det opphavlege bygget, medan det nye bygget rommar undervisningsrom for ungdomsskuletrinna, spesialrom, personalavdeling og folk- og skulebibliotek.

Skulebygget legg til rette for fleksibel undervisning, gode møteplassar og eit trygt og inspirerande læringsmiljø.

Dersom det er behov, kan noverande rektor fungere som mentor i ein overgangsperiode og bidra til ei god innføring i rolla og organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk, administrativ og økonomisk leiing av skulen. Arbeidet omfattar mellom anna å:

  • sikre eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
  • leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet ved skulen
  • vere ein tydeleg og samlande leiar for dei tilsette
  • styrkje profesjonsfellesskapet og utvikle ein god samarbeidskultur
  • samarbeide tett med elevar, føresette og hjelpeinstansar
  • drive systematisk kvalitets- og utviklingsarbeid i tråd med nasjonale og lokale mål
  • sikre god drift gjennom tydeleg struktur og økonomistyring
  • representere skulen i lokalsamfunnet og bidra til godt samarbeid i kommunen

 

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har:

  • relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse
  • det er ønskjeleg med leiarutdanning innan skuleleiing
  • leiarerfaring og/eller erfaring frå utviklingsarbeid
  • god kjennskap til opplæringslova og læreplanverket (LK20)
  • gode norskkunnskapar, skiftsspråket i Solund er nynorsk
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er ein tydeleg, varm og relasjonssterk leiar
  • byggjer tillit og skapar tydeleg retning
  • motiverer, involverer og utviklar medarbeidarane
  • arbeider strategisk og systematisk
  • handterer ein variert og travel kvardag på ein god måte
  • kommuniserer klart og trygt

Personleg eignaheit vert vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og utviklingsorientert leiarstilling
  • Moderne undervisningslokale
  • Engasjerte tilsette
  • Leiarstøtte og korte beslutningsliner i organisasjonen
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein kvardag tett på natur, sjø og friluftsliv
  •  

Søknad

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.

Offentleg søkjarliste:
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren  bli varsla før offentleggjering.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.04.2026

Tiltreding:

01.01.2027

Arbeidsstad:

Hardbakke

Kontaktpersonar:

Mette Lindstrøm

Stilling: Personalmedarbeidar

tlf: +47 57786203

Adresse:

Hardbakke 26 6924 Hardbakke

Kart: