Rektor- Solund kulturskule
Solund kommune har ei fast 60% stilling ledig frå 01.08.2026 som rektor ved Solund
kulturskule.
Vi ser etter deg som meiner at kultur ikkje berre skjer på ei scene – men på ei korpsøving, i
eit klasserom, i eit øvingsrom etter skuletid eller når nokon får ein idé og bestemmer seg for
å få det til.
Kanskje er du ein som spelar fleire instrument, dirigerer eit ensemble eller har vore med å
starte aktivitetar og møteplassar for barn og unge. Kanskje trivst du like godt i undervisning
som i planlegging av konsertar, arrangement eller nye tilbod.
I Solund er det kort veg frå idé til handling. Her er relasjonane nære og engasjementet stort.
Kulturskulen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi ønskjer ein rektor som vil vere med å
utvikle både kulturskulen og kulturlivet i kommunen.
Om Solund kulturskule
Solund kulturskule er ein viktig arena for skaparglede og utfalding for barn og unge.
Kulturskulen samarbeider tett med skule, barnehage og frivillig kulturliv. Her møtest elevar
som vil spele, synge, skape, utforske og opptre – og lærarar som brenn for å gi gode
opplevingar og meistring.
Som rektor vil du også vere ein del av det pedagogiske arbeidet i kulturskulen gjennom
undervisning.
Arbeidsoppgåver
• Leie og utvikle kulturskulen sitt faglege arbeid
• Undervise elevar i kulturskulen innan relevante fagområde
• Bidra til konsertar, framsyningar og kulturarrangement
• Planleggje og gjennomføre Ung Kultur Møtest (UKM) i Solund
• Legge til rette for gode møteplassar der ungdom kan skape, opptre og utvikle seg
• Samarbeide tett med skule, barnehage og frivillig kulturliv
• Inspirere elevar og lærarar til skaparglede og utvikling
• Organisere drift, økonomi og planarbeid
• Vere ein synleg kulturaktør i lokalsamfunnet
I ein liten kommune betyr dette ofte at du både kan stå framfor elevar, dirigere ei øving,
planleggje eit arrangement – og samtidig vere med å utvikle kulturskulen vidare. Det er ein
fordel om du trivst med arrangement, scene, ungdomsarbeid og kulturproduksjon.
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning innan kunst, kultur eller pedagogikk
• Pedagogisk kompetanse og erfaring med undervisning
• Erfaring frå kunst- eller kulturarbeid
• Gjerne erfaring med å leie prosjekt, aktivitetar eller organisasjonar
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (skriftspråket i Solund er nynorsk)
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
• Ei spennande stilling der du kombinerer leiing og undervisning
• Moglegheit til å utvikle kulturskulen og kulturlivet i Solund
• Engasjerte elevar, lærarar og frivillige
• Varierte arbeidsdagar – ingen veke er heilt lik
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Ein kvardag midt i øyriket Solund, tett på natur, sjø og friluftsliv
Søknad
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Offentleg søkjarliste:
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ønskje om unntak ikkje vert teke til følgje, vert søkjar varsla før offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
08.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hardbakke
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.solund.kommune.no/Adresse:
Hardbakke 26 6924 Hardbakke