
Spanande leiarstilling i Solund kommune
Leiar ved Solundheimen/heimetenesta/miljøtenesta
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyar og holmar ytst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke, der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsett, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.
Solund kommune har felles leiing på institusjonstenesta, heimetenesta og miljøtenesta, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar, heimebuande brukarar og miljøtenesta. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak. Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt.
Me er no på jakt etter leiar i 100 % fast stilling for sjukeheim, heimetenesta og miljøtenesta.
Som leiar vil du ha ansvar for:
- Dagleg drift av tenestene
- Fag- og kvalitetsansvar
- Personalansvar
- Budsjett
- Samhandling på tvers av tenester og kommunar
Me ser etter deg som har gode leiareigenskapar og er fagleg engasjert. Du er autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning eller erfaring innan leiing. Vernepleiar eller andre relevante bachelorutdanningar må også gjerne søke.
Me er ein liten kommune, instutisjonen vår har 19 plassar pluss ei KAD/ØHD seng. I heimetenesta nyttar ein bil, sykkel og båt som framkomstmiddel.
I stillinga må ein være fleksibel, kunne arbeide på tvers og omstille seg raskt. Ein bør være raus og inkluderande.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller anna relevant utdanning på bachelornivå
- Førarkort kl. B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg miljø
- Hjelp til å skaffe bustad
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle
- Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
- Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.
- I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om me er små finst det noko for dei fleste her hjå oss.
Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden om du har spørsmål.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hardbakke
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.solund.kommune.noAdresse:
Hardbakke 6924 Hardbakke