Solund kommune

Reinhaldar i Solund kommune

Reinhaldar 60 % fast stilling

Solund - midt i blinken for deg som trivast i naturen

Ei idyllisk perle samansatt av øyar og holmar ytterst i Sognefjorden. Kva tenkjer du om kombinasjonen øyhopping, kajakk, sykkel og fottur? Staden byr på flotte naturopplevingar og har i tillegg gode idretts- og kulturtilbod.  Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Alle er velkomen til Solund kommune, og ein blir godt ivaretatt av lokalsamfunnet.

Solund kommune har ledig 60 % fast stilling som reinhaldar + 60 % vikariat i perioden 1. april 2025 - 28.02.2026. Arbeidsoppgåver er dagleg vask av kommunale bygg. 

Som reinhaldar vil du møte barn, elevar, arbeidstakarar, bebuarar og publikum som set stor pris på den viktige jobben som blir gjort. 

Kvalifikasjonar:

  • har relevant arbeidserfaring
  • ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar
  • gode norskkunskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer ein person som er ansvarleg, sjølvstendig, lærevillig, løysingsorientert og fleksibel.

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • God pensjonsordning i KLP
  • God opplæring og oppfølging

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.

Godkjent politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hardbakke

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardbakke 6924 Hardbakke

Kart: