Helgestilling Solundheimen
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta.
Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg.
Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon
- bidra til god informasjonsflyt på avdelinga
- vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver
- bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som:
- har helsefagleg utdanning, eller
- er elev/student og ynskjer helgestilling, eller
- ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste.
For arbeid i heimeteneste krevst det førarkort på vanleg bil.
Personlege eigenskapar:
- positiv, engasjert, fleksibel og med humor og godt humør
- er serviceinnstilt og set bebuarane sine ynskje og behov i fokus
- kan arbeide sjølvstendig, og god på å samarbeide
Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Løn i følgje tariff.
- God offentleg pensjonsordning.
- Godt arbeidsmiljø.
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Velkomen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
Tilsetjing skjer fortløpande
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hardbakke
Kontaktpersonar:
Ingelin Stølen
tlf: +47 459 74 005
Heimeside:
http://www.solund.kommune.noAdresse:
Hardbakke 6924 Hardbakke