Solund kommune Solund brann og redning

Deltidsstilling Solund brann og redning

Brannkonstabel, 0,77% stilling

Solund brann og redning har 3 ledige stillingar som brannkonstabel ved Hardbakke brannstasjon og her er det store moglegheiter for den som vil utdanne seg vidare. Her kan nemnast røykdykkar og utrykkingsleiar/innsatsleiar.

Krav til brannkonstabel:

  • Godkjent politiattest (ordinær politiattest)
  • Tilfredsstillande helseattest
  • Førarkort klasse B. Førarkort for større køyretøy er ein fordel, men ikkje noko krav.
  • Bustad maksimum 15 minutt køyretid frå Hardbakke brannstasjon
  • God fysikk, vere uthaldande og som røykdykkar kunne bestå fysisk test innan avtalt tid. Her er døme på fysisk test: https://www.youtube.com/watch?v=hXBD2Enhl6Q

Me vil ta godt vare på deg og gjere det me kan for at du skal trivast og vere trygg i rolla di. Deltidsstilling i brannvesenet kan kombinerast med anna fast arbeid då me øver på kveldstid og i helg. Det er i dag 6 øvingar pr. år som utgjer 0,77 % stilling. Du får i tillegg ei fast godtgjersle for bæring av elektronisk utstyr og betalt ved utrykking. Vidare får alle brannkonstablar tilbod om gratis medlemskap på Solund treningssenter.

Spørsmål til stillinga kan rettast til brannsjef Lars Jørgen Svendsen på mobil 909 45 169/e-post lars.jorgen.svendsen@masfjorden.kommune.no eller til leiar for plan- og tekniske tenester i Solund kommune, Kjartan Nyhammer, på mobil 959 17 471 /e-post kjartan.nyhammer@solund.kommune.no

Me ser fram til å motta søknaden din!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

13.10.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Solund

Kontaktpersonar:

Kjartan Nyhammer

mob: +47 959 17 471

Lars Jørgen Svendsen

mob: +47 909 45 169

Adresse:

Hardbakke 26 6924 Hardbakke

Kart: