Solund kommune Stab

Konsulent på servicekontoret

Konsulent Solund kommune

Solund kommune har behov for ein ekstra tilsett på servicekontoret i ein periode, og søkjer difor etter ein konsulent til ein 100 % stilling i 6 månader. Det kan godt vere engasjementet vert forlenga.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak være knytt til posthandtering og korrekt registrering i sak- og arkivsystemet vårt WebSak. Kjennskap til arkivlova og offentleglova er difor ein fordel, gjerne gjennom fagbrev innan kontor- og administrasjon eller relevant arbeidserfaring. Erfaring med WebSak+ er også eit pluss.

Du vil også svare på spørsmål frå publikum på telefon eller i resepsjonen. Det er difor positivt om du kjenner til Solund kommune frå før. Andre oppgåver knytt til servicekontor kan også bli aktuelle ut frå erfaring og interesse.

Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, har gode samarbeidsevner og er nøyaktig og systematisk, 

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Ansvar og sjølvstendig arbeidsforhold

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Synest du dette høyrast spanande ut? Ta gjerne kontakt med stabsleiar Amund for meir informasjon om stillinga. 

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Solund

Kontaktpersonar:

Amund Aglen

tlf: +47 404 92 908

Adresse:

Hardbakke 26 6924 Hardbakke

Kart: