Solund kommune Oppvekst og kultur

Vil du undervise i kunst på kulturskulen i Solund?

Undervisningsstilling kulturskulen

Solund kulturskule er ein del av oppvekst- og kultursektoren i kommunen, og har nært samarbeid med både barnehage og skule. I tillegg har ein også samarbeidsprosjekt med private aktørar, til dømes den årlege lysfestivalen i november. Verksemda i kulturskulen vert styrt av rammeplan for kulturskular.

Solund kommune har ledig ei ca. 10 % stilling ved kulturskulen. Stillinga inneber undervisning i ulike kunstformer for elevar i småskulen. Stillinga har arbeidstid på ettermiddag. 

Det er fint om du har utdanning innan kunst- eller kulturfag, men det er ikkje eit krav. Vi set også pris på om du har erfaring frå undervisning frå tidlegare. Uavhengig av utdanning og erfaring, er det viktig at du likar å vere med barn og unge, og at du har evne til å inspirere og engasjere. Innanfor rammeplanen til kulturskulen har du stor fridom til å legge opp undervisninga slik du og elevane ønskjer.

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsordning i SPK
  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Ansvar og sjølvstendig arbeidsforhold
  • Høve til å vere med på å utvikle kulturskulen
  • Høve til sjølvutvikling

Anna: Godkjent politiattest og utfylt MRSA-skjema skal leggjast fram ved tilsetjing

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hardbakke

Kontaktpersonar:

Øystein Bolset Strand

tlf: +47 57 78 62 35

mob: +47 948 01 450

Adresse:

Hardbakke 26 6924 Hardbakke

Kart: