Solund kommune Solund barnehage

Er du vår nye fagarbeidar?

Fagarbeidar Solund barnehage

Er du ein kvardagshelt som vil vere med å spreie livsglede? Solund barnehage er i tilfelle på jakt etter deg! No har me ledig ei 100% fast stilling som fagarbeidar.

Solund barnehage ligg sentralt plassert på Hardbakke og har tre avdelingar med plass til barn mellom 10 mnd - 6 år. Satsingsområde er mellom anna språkarbeid, fysisk aktivitet og SMART oppvekst. Me er glad i å vere ute og brukar aktivt det flotte nærområdet vårt året rundt. Barnehagen samarbeider tett med kulturskule, skule, Solund helsetun og lokalsamfunnet elles. Saman ynskjer me å bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande oppvekstmiljø i Solund.

Me søkjer ein fagarbeidar med ein stor og romsleg sekk med allsidig kompetanse, sekken må ha mange lommer. Ei stor lomme med livsglede, leikelyst og arbeidsglede. Ei lomme med mot til å bidra i arbeid med barns trivsel, utvikling og eit godt psykososialt barnehagemiljø. Ei lomme med omsorg, ei med initiativ og samarbeidsevne og ei med godt humør og glede. Er der i tillegg ei lomme med gode idear og nokre trivselstiltak så er me ikkje i tvil – då er du den rette fagarbeidaren for oss!

Solund barnehage har sjølv ein ganske så stor sekk. Sjølve sekken er godt brukt men er av god kvalitet. Ryggen på sekken er av godt materiale og er laga av ei godt samansveisa og raus personalgruppe med god plass til nytilsette. Den ber preg av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med god blanding av unge og eldre. I lommene har me med oss kjekke barn og føresette, eit positivt foreldreråd, ein interessert eigar, fokus på kompetanseheving og ei heilt eiga lomme med moglegheit for tilsette å nytte eigne interesser inn i det pedagogiske arbeidet. Det er altså ein sekk med moglegheiter, ein sekk der summen av kompetanse i personalgruppa speglar kor stor den er til ei kvar tid og kva den inneheld!

Kvalifikasjonar:

  • fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • norskkunnskap tilsvarande skriftleg nivå A2 og munnleg nivå B1
  • gjerne erfaring frå arbeid i barnehage og med SMART oppvekst

Anna:

  • Godkjent politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. 

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

12.08.2024

Arbeidsstad:

Hardbakke

Adresse:

Hardbakke 6924 Hardbakke

Kart: